Vi inviterer til ei rikhaldig kulturnatt med variert program fredag 8. og laurdag 9. november.
FREDAG 8.11. 16.45 OMSORGSSENTERET Konsert med spelemannslaget
Vårt fabelaktige spelemannslag spelar på omsorgssenteret.
Konserten er gratis og open for alle.
18:00 SVORMUSEET Mørketidskonsert med Stig Ulv 
Stig Ulv representerer noko heilt unikt på den norske musikkhimmelen i dag. Han er noko så sjeldan som eit friminutt frå stress og mas. Det handlar om han og gitaren. Og sjelefred, intet mindre. Vi skrur av alt lyset og fjernar alle sansar utanom høyrsla. Lat som du sit åleine og har privatkonsert. Dette blir rett og slett magisk.
Konserten er gratis.
LAURDAG 9.11. 12.00 Offisiell opning av dagsturhytta
Kom og ver med på opninga av den fantastiske dagsturhytta vi har fått oss. Vi får besøk av maskotane Elin Ekorn og Kåre Bjørn. Musikk ved Inge Asbjørn Haugen og Laura Haugen. Offisiell opning v/Stig Olav Lødemel. Vi fyrer opp bålpanna og serverer varm drikke. Ta med eigen grillmat.
Gjester:
Norsk Tipping v/ Cathrin Seljehaug
Sparebanken Sogn og Fjordane v/ Odd Kjetil Tonning
Sogn og Fjordane Fylkeskommune v/ Atle Skrede
PARKERING VED SKULEN
15.00 SVORMUSEET Konsert med Åsmund Farstad
Åsmund Farstad er ein komet innan norsk folkemusikk som i det siste velfortent har vunne fleire høgthengande prisar. Han kjem til å spele både folkemusikk og klassisk musikk.
Konserten er gratis.
17.00 DØLHEIM—Barnekino Snekker Andersen og julenissen: Den vesle bygda som glømte at det var jul
Det vert god gammal bygdekino-stemning og trulegvis fullt hus på
Dølheim, når vi har norgespremiere på den nye Snekker Andersen-filmen. Det vert sal av kioskvarer.
Kinoen er gratis.
19.00 LØVLAND SPISERI—Quiz Gry og co. diskar opp til quiz på Løvland Spiseri. Veldig sosialt og kjekt!
