Innbyding til Fargespel Nordfjord
Innbyding til Fargespel Nordfjord, avdeling Hornindal.

Ola Norman

 

 




Opera Nordfjord, i samarbeid med alle Nordfjordkommunane og Operahuset Nordfjord, ønskjer born, ungdommar og unge vaksne frå ALLE land mellom 7 og 25 + + år til å bli med i  Fargespel Nordfjord.

Neste år, 5. -7. april 2019, skal vi sette opp ei stor Fargespel-forestilling på storscena i Operahuset Nordfjord. Framføringane i april vert også ein del av 10-årsjubiléet til Operahuset Nordfjord.
Kari Standal Pavelich og Michael Pavelich er ansvarlege for prosjektet.


Er du glad i å syngje eller danse eller begge deler, da passar dette for deg.


VI ØNSKJER SPESIELT Å KOME I KONTAKT MED INNVANDRARAR SOM LIKAR Å SYNGJE ELLER DANSE ELLER BEGGE DELER. INNVANDRARAR = DEI SOM ER KOMNE HIT FRA EIT ANNA LAND, MEN ALLE FRA 2. KLASSE - 25 ÅR + +  KAN MELDE SEG PÅ.
DU TRENG IKKJE VERE MED I KULTURSKULEN FOR Å MELDE DEG PÅ,

Foreldre må gjerne vere med på samlingane, om dei ønskjer å dele songar, dansar eller barneregler med oss.

I løpet av dei neste vekene skal ein starte Fargespel-grupper i både Hornindal, Stryn, Gloppen, Eid, Vågsøy, Bremanger og Selje. Vi ønskjer med denne informasjonen å nå ut til alle innvandarar i målgruppa som har lyst til å bli med. Med innvandrar meiner vi alle som ikkje kjem frå Noreg. Men de som er frå Norge, må sjølvsagt melde dokke på også! Alle er velkomne!

Det er gratis å delta. Ingen får honorar. Skyss til Nordfjordeid og servering der er også gratis.

Om du har lyst til å bli med, send ein sms eller e-post til ein av kontaktpersonane i din kommune:

Oline Løvlid: 906 97 146/oline@lovlid.no
Idar Holen
:  915 90 890/idar.holen@hornindal.kommune.no

Vi treng namn, adresse, tlf, e-post om de har, fødselsår og/eller klassetrinn. Viss du er under 18 år, treng vi foreldre sin tlf og e-post også. Og namn på foreldre.

Påmeldingsfrist er onsdag 29.08.18        kl 24.00.

NB! Første lokale samling i Hornindal vert i

KOMMUNEHUSET SMIA
TORSDAG 06.09.18 KL 16.30 – ca 17.30.
Viss du har meldt deg på, velkomen der!
Kjem du med skulebuss, kom når du er klar.

Vi satsar på å møtast nokre gongar utover hausten.
Når du har meldt deg på, får du plan med møtedagar, tider og stad.

1. store felles-samling på Eid er i slutten av oktober.
Den er for alle påmelde i Nordfjord.

FOR Å VITE MEIR, SJÅ: Info om Fargespill: www.fargespill.no


Hjarteleg velkomen til Fargespel Nordfjord!
vi gler oss til på få påmelding frå deg J!

Nordfjordeid, den 17.08. 2018

Mvh.  Kari Standal Pavelich

Opera Nordfjord  post@operanordfjord.no Mobilnr. 951 37 226


Hornindal 20.08.2018

Helsing  Idar Holen og Oline Ragnhild Løvlid