Vikariat frivilligsentralen
Ledig vikariat som dagleg leiar på Hornindal Frivilligsentral frå 10.12.2018 - 1.8.2019 
Ola Norman

Kan du tenke deg å jobbe med frivilligheit i Hornindal? Hornindal frivilligsentral søker etter vikar for tidsrommet 10.12.2018-1.8.2019. Som dagleg leiar ved Hornindal frivilligsentral vil du få jobbe med mange flotte engasjerte frivillige, kjekke samarbeidspartnarar og veldig interessante prosjekt.

Hornindal Frivilligsentral er organisert som foreining og har som føremål å vere eit senter for frivillig aktivitet.


Målsetnaden er å drive bulystfremjande folkehelsearbeid, ved å:

-      skape sosiale møteplassar for alle aldersgrupper

-      motivere og rekruttere frivillige

-      ta initiativ til, organisere og samordne frivillig aktivitet i trå med lokale føresetnadar og behov

-      vere ein bidragsytar for nye frivillige organisasjonar eller dugnadsprosjekt

-      vere ein ressurs for etablerte frivillige organisasjonar

-      skape og utvikle samarbeid mellom frivillige, det offentlege og det lokale næringslivet

-      drive kompetanseheving om frivillig aktivitet

Dagleg leiar

Oppgåver:

-      Dagleg drift og leiing av sentralen, saksbehandling, søknads- og rapporteringsarbeid.

-      Planlegging og koordinering av aktivitetar.

-      Rekruttering, oppfølging og rettleiing av frivillige.

-      Kontakt og samarbeid med ulike samarbeidspartnarar.


Kvalifikasjonar:

-      Utdanning frå høgskule- eller universitetsnivå innan sosialt arbeid, samfunnsvitskap eller administrasjon er ein fordel, men ikkje eit krav.

-      Relevant arbeidserfaring

-      Data- og webkyndig


Personlege eigenskapar:

-      Eit personleg engasjement for frivillig arbeid.

-      Likar å ha "mange ballar i lufta".

-      Er initiativrik, fleksibel, nytenkande og løysingsorientert.

-      Gode samhandlings- og samarbeidsevner.

-      Likar utfordringar og er motivert.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.


Vi tilbyr:

-      Fleksibel arbeidstid, noko ettermiddags-, kvelds- og helgearbeid.

-      Meiningsfylte, varierte og utviklande arbeidsoppgåver.

Arbeidsstad

Hornindal

Type stilling

Vikariat, Heiltid

Søknadsfrist

7.10.2018

Stilling ledig frå

10.12.2018 – 31.7.2018

Send søknad til

frivilligsentralen@hornindal.kommune.no