Venebenkar i Nye Volda
Venebenkar på plass i Hornindal og Volda
Ola Norman
Prosjektet venebenk vart i si tid oppstarta av Frivilligsentralane i Hornindal og i Volda og seinare overteke av temagruppe for kulturbygging i Nye Volda kommune. Intensjonen var å bidra til ei positiv og lærande tilnærming til felles kulturbygging mellom dei to kommunane. Det vart gjennomført ein konkurranse der born og unge fekk sende inn forslag på venebenkar både i Hornindal og i Volda. I helga fekk vi endeleg sjå resultata av konkurransen.
Fredga 10. mai avduka Volda-ordførar Jørgen Amdam venebenken ved klatreparken på Grodås. Benken er designa av Ragna Hofset Kile, elev ved Folkestad skule, og det er Styrk Arbeid i Volda som har laga benken. Elevar ved åttande klasse ved Hornindal skule stilte med vafler/sveler, saft og kaffi til alle som deltok på arrangementet.
Laurdag 11.mai var det Hornindal sin varaordførar Randi Langlo sin tur til å avduke venebenken i Rådhusparken i Volda. Denne benken er det Amalie Utvær Nesdal som har designa, og snikkar Kjell Tvinnereim har stått for utføringa. Her vart det også servert vafler, saft og kaffi til alle som møtte, og det var G16 som stod for serveringa. 


Venebenken designa av Amalie Utvær Nesdal frå Hornindal står ved Rådhusparken i Volda.

 
Venebenken designa av Ragna Hofset Kile frå Folkestad står ved Klatreparken på Grodås.