Kulturnatt i Hornindal - Komplett program
Vi inviterer til ei rikhaldig kulturnatt med variert program fredag 8. og laurdag 9. november.
Ola Norman

FREDAG 8.11.           
 
16.45        OMSORGSSENTERET
                 Konsert med spelemannslaget 



Vårt fabelaktige spelemannslag spelar på omsorgssenteret. 
Konserten er gratis og  open for alle.

18:00        SVORMUSEET                                   
                Mørketidskonsert med Stig Ulv



Stig Ulv representerer noko heilt unikt på den norske musikkhimmelen i dag. Han er noko så sjeldan som eit friminutt frå stress og mas. Det handlar om han og gitaren. Og sjelefred, intet mindre. Vi skrur av alt lyset og fjernar alle sansar utanom høyrsla. Lat som du sit åleine og har privatkonsert. Dette blir rett og slett magisk. 

Konserten er gratis.


LAURDAG 9.11.
     
12.00        Offisiell opning av dagsturhytta



Kom og ver med på opninga av den fantastiske dagsturhytta vi har fått oss. Vi får besøk av maskotane Elin Ekorn og Kåre Bjørn. Musikk ved Inge Asbjørn Haugen og Laura Haugen. Offisiell opning v/Stig Olav Lødemel. Vi fyrer opp bålpanna og serverer varm drikke. Ta med eigen grillmat. 

Gjester:
Norsk Tipping v/ Cathrin Seljehaug
Sparebanken Sogn og Fjordane v/ Odd Kjetil Tonning
Sogn og Fjordane Fylkeskommune v/ Atle Skrede

PARKERING VED SKULEN

15.00        SVORMUSEET
                 Konsert med Åsmund Farstad



Åsmund Farstad er ein komet innan norsk folkemusikk som i det siste velfortent har vunne fleire høgthengande prisar.  Han kjem til å spele både folkemusikk og klassisk musikk.

Konserten er gratis.

17.00        DØLHEIM—Barnekino
                 Snekker Andersen og julenissen: Den vesle bygda som glømte at det var jul 



Det vert god gammal bygdekino-stemning og trulegvis fullt hus på 
Dølheim, når vi har norgespremiere på den nye Snekker Andersen-filmen. Det vert sal av kioskvarer.

Kinoen er gratis.

19.00       LØVLAND SPISERI—Quiz 

Gry og co. diskar opp til quiz på Løvland Spiseri. Veldig sosialt og kjekt!