Ledig stilling på Hornindal Frivilligsentral
Kan du tenke deg å jobbe med frivilligheit i Hornindal? Hornindal frivilligsentral søker etter ny dagleg leiar. Som dagleg leiar ved Hornindal frivilligsentral vil du få jobbe med mange flotte engasjerte frivillige, kjekke samarbeidspartnarar og veldig interessante prosjekt.
Ola Norman
Hornindal Frivilligsentral er pr. i dag organisert som foreining, men vil ved nyttår gå over til å bli ein kommunal frivilligsentral.

Målsetnaden til sentralen er å drive bulystfremjande folkehelsearbeid, ved å: 
-      skape sosiale møteplassar for alle aldersgrupper
-      motivere og rekruttere frivillige
-      ta initiativ til, organisere og samordne frivillig aktivitet i trå med lokale føresetnadar og behov
-      vere ein bidragsytar for nye frivillige organisasjonar eller dugnadsprosjekt
-      vere ein ressurs for etablerte frivillige organisasjonar
-      skape og utvikle samarbeid mellom frivillige, det offentlege og det lokale næringslivet
-      drive kompetanseheving om frivillig aktivitet

Oppgåver:
-     Dagleg drift og leiing av sentralen, saksbehandling, søknads- og  
      rapporteringsarbeid.
-      Planlegging og koordinering av aktivitetar.
-      Rekruttering, oppfølging og rettleiing av frivillige.
-      Kontakt og samarbeid med ulike samarbeidspartnarar.

Kvalifikasjonar:
-      Utdanning frå høgskule- eller universitetsnivå innan sosialt arbeid, samfunnsvitskap eller administrasjon er ein fordel, men ikkje eit krav.
-      Relevant arbeidserfaring
-      Data- og webkyndig

Personlege eigenskapar:
-      Eit personleg engasjement for frivillig arbeid.
-      Likar å ha "mange ballar i lufta".
-      Er initiativrik, fleksibel, nytenkande og løysingsorientert.
-      Gode samhandlings- og samarbeidsevner.
-      Likar utfordringar og er motivert.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.

Vi tilbyr:
-      Fleksibel arbeidstid.  For det meste vanleg kontortid med noko ettermiddags-, kvelds- og helgearbeid.
-      Meiningsfylte, varierte og utviklande arbeidsoppgåver.


Opplæring etter avtale og behov. Ved moglegheit vil opplæringa starte medio desember. 
Hornindal frivilligsentral vil frå 1. januar 2020 verte under Volda kommune. Dagleg leiar vil då vere kommunalt tilsett med kommunale arbeidsvilkår. 

Arbeidsstad
Hornindal

Type stilling
Fast, heiltid

Søknadsfrist
24.11.2019

Stilling ledig frå
30.12.2019

Send søknad til
frivilligsentralen@hornindal.kommune.no