HORNINDAL SOKN OVERFØRT TIL MØRE BISPEDØME
Søndag var det høgtideleg markering av at Hornindal går over frå Bjørgvin til Møre bispedøme. 

Ola Norman
Biskopen i Bjørgvin, Halvor Nordhaug og biskopen i Møre, Ingeborg Midtømme deltok på festgudstenesta i Hornindal kyrkje saman med prestar i Nordfjord prosti og Søre Sunnmøre prosti. 

Både under gudstenesta og den etterfylgjande kyrkjekaffien vart det bore fram mange helsingar og lukkeønskje. Lokale kulturkrefter deltok på markeringa.