Bagasjeromsmarknad


Løvland Spiseri og Pub arrangerer bagasjeromsmarknad i gjenbrukens namn. 
26. mai kl. 11:00-15:00

Bagasjeromsmarknad inneberer at du finn fram det du har av brukte ting som du kan tenke deg å selje. Du pakkar sakene i bagasjerommet på bilen, tar med deg eit bord som du kan stille ut tinga på.  Når du kjem til marknadsplassen får du tildelt plass til bilen. Så er det berre å opne bagasjerommet, sette opp det  bordet du har med og stille ut tinga du vil selje og vips så er du deltakar på marknaden.  

Så då det er berre å byrje å rydde i kjellar og loft, og ta med ting som har stått ei stund, kanskje litt nedstøva. Det er alltids nokon som har bruk for noko du ikkje treng lenger. Grunna avgrensa plass må seljarar melde seg på. Innkøyring kl. 10.00. Marknaden vert på parkeringsplassen utanfor Løvland Spiseri og Pub, så det blir dessverre ingen plass til parkering for kjøparar. Vi håpar på fint vêr, så ein liten spasertur frå sentrum og bort er berre sunt. 

Påmelding til Gry på tlf. 97486212.