UKM HORNINDAL/STRYN
Lokalmønstringa for Stryn og Hornindal går av stabelen i Stryn Kulturhus 9. februar KL. 17:00.

UKM er ein kulturfestival som er ope for alle typar kulturuttrykk. Her har born og unge moglegheita til å bidra med akkurat den kunstforma dei vil, enten det måtte vere treskjæring eller poesi. Det er ikkje ein talentkonkurranse, men ei samling for å ha det kjekt og vise fram det ein likar å drive på med. Kom og sjå på kunstutstillinga frå 1. februar og sceneinnslag laurdag 9. februar.

Lær meir og meld deg på på www.ukm.no
Påmeldingsfrist 18.01. kl. 23.59

Aldersgrense for lokalmønstringa: 10 år.
Aldersgrense for å komme vidare: 13 år