Foredrag med Adil Khan
Vi markerar Verdensdagen for psykisk helse med eit foredrag av Adil Khan, 
ein kritikerrost dansar og skodespelar som brenn for å formidle viktigheita av relasjonar og inkludering.




Adil Khan er for mange kjend frå programma Dansefeber og Norske Talenter, og er ein kritikerrost skikkelse på den norske kulturscena. 
I dag held Adil foredrag om viktigheta av å ta vare på eigen psykisk helse, om relasjonar og korleis vi kan skape ein god hverdag for andre.

Adil Khan vaks opp som norskpakistanar på «feil» side av byen. Han har kjent mykje på følelsen av å ikkje passe inn. 
I sitt ærlege og direkte foredrag tek han opp tema alle vil kjenne seg igjen i. Om det å bli sett og inkludert, betydinga av eit smil og eit klapp på skuldra. Å bli anerkjend for den du er og kva du gjer og presterar. 

Adil delar historia si for å gje håp og inspirasjon til dei som har følt seg utanfor og utan veg i livet. 
Khan lærte å danse på Oslos torg og gatehjørner, utan ei formell utdanning, og tjente sine fyrste kroner ved å gjere streetshows på Karl Johan.
I 2006 dansa han seg til topps i «Dansefeber». Sidan då har han kapra roller i fleire store sceneproduksjonar, blant anna «West Side Story», «Nøtteknekkeren» og «Jungelboken». Adil er den yngste norske skodespelaren som har blitt nominert til Heddaprisen i kategorien beste mannlege hovedrolle. I 2011 vart han nominert til Gullruten for si hovudrolle i NRK’s TV-serie Taxi.
Adil har og vore dommar på Norske Talenter og leda sitt eige TV-program, Adils hemmelige dansere på NRK.
I 2016 var Adil fast samarbeidspartnar med Mental Helse Norge og var på ein to månadar lang foredragsturné i forbindelse med Verdensdagen for psykisk helse. I dag kjem han til Honndalshallen. 

Gled deg til eit inspirerande foredrag om håp og relasjonar, om å ta vare på kvarandre, tru på seg sjølv og å ikkje gje opp draumane sine.

Aldersgrense 15 år


Kristiansand katedralskole Gimle:
«I dag hadde vi foredrag om psykisk helse med Adil Khan på Kristiansand katedralskole Gimle. Det er det sterkeste jeg noen gang har vært med på. Helt slått i bakken. Se 300 robuste 16-åringer le og gråte. 300 elever satt musestille med øyne som tinntallerkener i 2 timer og 40 minutter.»
Håvard Nylund, Lærer

 
Arr: Hornindal Frivilligsentral, Hornindal kommune (skule, barnehage, pleie- og omsorg) og Tunåsen barnehage.