Nytt tilbod - Kløvertur
Lavterskeltilbod med spasertur i sentrum der vi håpar at mange eldre og yngre, damer, herrar og born vil delta.
Ola Norman
Oppstart tysdag den 17. september kl 10.30 ved Omsorgsenteret, og turen vil ta ca 1 time.

Lavterskeltilbod med spasertur i sentrum der vi håper at mange eldre og yngre, damer og herrar og barn vil delta.
Ein tur i sentrum med stopp ved Smia/Groparken og servering av kaffi/saft.
Er det nokon som vil kome til under vegs går turen forbi Åretun -Verslavegen - Bønen - Coop - Smia, og tilbake går vi hovudvegen (E39) og gjennom parken ved Svormuseet.

Sanitetsforeininga stiller med turvertar.
Har DU/DE tid til å bli med er det fint om du kan gi ei hjelpande hand om nokon treng litt støtte på turen.
Dette er første Kløverturen vi inviterer til, og vi tar med oss erfaring til neste tur. ALLE ER VELKOMNE!
Bli med!
* Fysisk aktivitet * Frisk luft * Sosialt samvær *

Hornindal Sanitetslag