Kulturnatt: Stig Ulv på Svormuseet
Kulturnatt: Mørketidskonsert på Anders Svor Museum fredag 8. november kl. 18:00. 


Stig Ulv representerer noko heilt unikt på den norske musikkhimmelen i dag. Han er noko så sjeldant som eit friminutt frå stress og mas. Det handlar om han og gitaren. Og sjelefred, intet mindre. 8. november inviterar vi til mørketidskonsert i Svor Museet. Vi skrur av alt lyset og fjernar alle sansar utanom høyrsla. Lat som du sit åleine og har privatkonsert. Dette blir rett og slett magisk.

Konserten er gratis.