Skål for livet - Veslemøy Solberg og Sven Ohrvik
      
Veslemøy Solberg og Sven Ohrvik har fått flotte omtaler for konsertane sine – både for tekstane, musikken og framføringa.
Dei har stått på scener over heile Noreg, og har gjeve ut ei lang rekke album og lydbøker.

I TV-serien «Antikviteter & Snurrepiperier», som gikk på NRK 1 i ei årrekke, hadde Veslemøy og Sven på det meste rundt éin million sjåarar.

«Skål for livet!» er ein konsert full av humor, varme og musikalitet. Publikum får høyre både gode historier – og gamle og nye songar.
Som ein journalist sa det: «Skål for livet!» er ei raus, humoristisk og inspirerande førestilling, som samtidig seier noko viktig om oss sjølv og tida vi lev i.»

24. oktober kjem dei til Hornindal og spelar på Ljosvang.

Prisar:
Born og senior (over 67): Gratis
Alle andre: 100 kr.
Bilettsal i døra - vi tek kort og kontant.