Hornindal Sanitetslag

Hornindal Sanitetslag



Norske Kvinners Sanitetsforening har fleire enn 1500 foreiningar (891 lokalforeiningar og 674 underavdelingar) spredt over heile Noreg. Hornindal Sanitetslag har i dag rundt 40 medlemmar. Vårt fokus handlar om å bidra i lokalsamfunnet der vi ser at det trengs. Av faste arrangement kan vi nemne at vi lagar fastelavensris som vi sel, vi held ein årleg basar som er veldig populær, vi har adventsstund på sjukeheimen og stand under kulturdagane.  I tillegg er vi involvert i mange forskjelleg arrangement og prosjekt rundt om i Hornindal som vi vert spurt om å bidra til eller der vi sjølve ser eit behov. Denne støtta er både av økonomisk og praktisk art.

Kontakt 
Grethe Jenny Vindheim      48248274/ grethevindheim@hotmail.com