Hornindalsvatnet Maraton



Hornindalsvatnet maraton har gått årleg sidan 1992. Løpet startar på riksvegen vest for Hornindal sjuke- og aldersheim, og held fram langs gang- og sykkelvegen til Hornindal Idrettspark. Fram til målstreken utgjer dette 2195 meter. Etter dette blir det fire gonger tur/retur Otredalen som ligg på nordsida av Hornindalsvatnet. Avstanden frå idrettsparken til Otredalen tur/retur utgjer 10 km.Løypa går på fast dekke nesten heile vegen med unnatak av eit lite parti ved vending i Otredalen. Traseen er lett kupert, men for det meste flat.
Halvmaraton (21097,5 m) startar ved Hornindal kyrkje og held fram til Hornindal Idrettspark.

Kontakt
Inge Asbjørn Haugen            91840004/ iahaugen@online.no