Hornindal Næringslag

Hornindal Næringslag

Hornindal Næringslag vart skipa 26. april 1985, og den første leiaren var Per B. Lødemel. Hornindal Næringslag skulle vere både ei industri- og handelsstandsforeining. Det har vore samanhengande aktivitet fram til no, og i 2017 hadde Hornindal Næringslag 21 betalande medlemar.

Det viktigaste arrangementet for næringslaget har vore Kulturdagane i Hornindal, (Sommarfesten i Hornindal frå 2016). Næringslaget har hatt hovudansvaret for arrangementet dei siste 15 åra. I tillegg arrangerer næringslaget julegateopning, jonsokfeiring og støttar opp under andre arrangement i bygda. Hornindal Næringslag har i mange år hatt ansvaret for å pynte med blomster i Grodås sentrum.

Hornindal Næringslag har også vore med på å finansiere andre aktivitetar og utstyr til andre lag og organisasjonar. Vi kan nemne Hornindal Skisenter, utstyr i Gro-parken, utstyr til badeaktivitetar, klatreparken i Grodås sentrum og andre trivselstiltak i bygda.

Hornindal Næringslag har engasjert seg i politiske saker som til dømes reguleringsplanar, samferdsle og sentrumsutvikling. Ein har også engasjert seg i å skape i ny aktivitet i Gro-bygget. Næringslaget ser eit stort potensiale i å ruste opp Gro-bygget, Gro-parken og strandsona i Grodås sentrum. Det vil vere viktige trivselstiltak både for fastbuande og tilreisande, og det vil skape ny aktivitet i bygda. 

Kontakt
Bjørn Lødemel            90777488/bjorn.lodemel@gmail.com