Med over 20000 registrerte besøk på trimpostane seier det seg sjølv at det er veldig tidkrevjande å kome fram til ei resultatliste i Fjelltrimmen. Det er difor heilt nødvendig med eit enklare system.
Enkelt å bruke. Du må gjere 2 ting: laste ned appen GEOREG til smarttelefonen din og registrere deg på
georeg.no. Når du kjem til ein trimpost klikkar du på appen. Posisjonen (GPS) må være på slått på på telefonen. Så klikkar du på «Registrere». Alt er internet-basert og det oppstår ingen kostnadar.
Fordelar. Du sparar Trimgruppa for manuell oppteljing. Du får full oversikt over turane dine til ei kvar tid. Du blir oppdatert på korleis du ligg an, både i forhold til poeng og i forhold til andre. Du slepp å lure på kva trimpostar du manglar i t.d Supertrimmen. Det er eit trygt system, du er ikkje avhengig av mobildekning og det er GRATIS! Bøkene blir på postane som før, og ein skriv seg i bøkene på same måte som tidligare for at det ikkje skal bli noko spørsmål om registreringane er rett.
Ulemper. Ikkje alle har smarttelefon. Enkelte vil oppleve registreringa som ein teknisk terskel. Dei som ikkje tek i bruk appen må sjølv halde orden på besøka sine, og levere skjema med oversikt over besøka sine på trimpostane. Supertrimskjemaet kan nyttast til dette.
I bøkene nummererar ein turane sine.
Det er også born om deltek i fjelltrimmen.
Dersom dei ikkje har eigen smarttelefon går ein fram på følgjande måte:
1. Registrer barnet som Georg-brukar på vanlig måte og oppgje et åttesifra vilkårleg tal som "telefonnummer". For ikkje å risikere å kome i konflikt med andre brukarar kan ein gjerne bruke familien sin fasttelefon osv.
2. På posten må den med smarttelefon trykk på på ID øverst i appen og legg inn dette "telefonnummeret" og deretter trykke REGISTRERE. (Husk å legge eige telefonnummer tilbake etterpå).
Det er lagt ut et tips på
facebooksida til GEOREG.
Kva skjer dersom trimposten ikkje har dekning? . Då blir registreringa lagt i kø for seinare utsending.
Sjå brukarrettleiinga på georeg.no viss det er noko du lurer på.
Registrer deg på Georeg i dag, du òg!