Frivilligprisen 2020
Hornindal Frivilligsentral delte ut Frivilligprisen 2020
Ola Norman
Fredag 28. august var Hornindal Frivilligsentral ute på eit kjekt oppdrag; Vi delte ut Frivilligprisen til ei dame som verkeleg står på for bygda og innbyggjarane. Det var ei rørt og overraska Reidunn Otterdal som tok imot prisen som bestod av eit dreia fat med inngravering og ein blome. Teksten som vart lesen syner godt kvifor akkurat ho fortjente prisen; 

Frivilligprisen for 2020 går til eit «ja-menneske» som stadig stiller opp når ein spør og ofte tilbyr vedkommande seg å være med på dugnadsarbeid, utan at ein eingong rekk å spørje. Når denne personen tar på seg oppdrag, so veit ein at det vert gjort på ein god måte. Prisen i år går til ein positiv person som ser løysningar i mange ulike situasjonar, noko som ein ser smittar over på andre frivillige. Dei fleste i Hornindal har kjennskap til denne personen, sjølv om vedkommande ikkje er den som stikk seg mest fram. 
Prisen går til ein aktiv person som bidreg til fleire ulike arrangement i bygda. Vi kan nemne i fleng, og nokre av dei er Grodås Cup, Hornindal Rundt, Hornindalsvatnet Maraton, Hornindal Skisenter og Dansegallaen. 
Innan Hornindal fotball har vedkomande stilt opp som trenar og oppmann for fleire fotballag innanfor aldersbestemte grupper i fleire tiår, og seinast denne veka observerte vi at vedkomande var med å trene ein gjeng med gutar. 
Dette er ein allsidig person som blant anna var ein aktiv volleyballspelar i mange år. Når volleyballen etter fleire års pause stilte lag igjen, var denne personen med på sidelinja som aktiv dugnadsarbeidar  med å blant anna å stelle i stand lotteri, slik at laget fekk kapital til å reise på NM. 
Personen har i ei årrekkje vore ei eldsjel innan barneidrettskulen i Hornindal. Der har born fått tilbod innan eit bredt spekter av ulike aktivitetar her i bygda. Vi kan nemne fotball, symjing, lommelykt-turar, skileik, skiskyting, fjellturar, kanopadling, sykkelturar og bogeskyting. Barneidrettskulen er eit populært tilbod som veldig mange born i «Honndalen» har nytta seg av, og som i dag blir ført vidare av mange andre eldsjeler for breddeidretten. Ho var også med å lage til Onsdagstrimmen slik at damene i bygda hadde eit variert treningstilbod i den gamle gymsalen. 
I tillegg til aktivitetar innanfor idrett har ho har vore medlem av soknerådet der ho hadde ei aktiv rolle under oppussing av kyrkja. Ho er ein kreativ person og kom med ideane til lysbrua som står framme i kyrkja. Denne dama er også oppteken av historie og har dei siste åra vore med å skrive innlegg i Historisk Årsskrift for Hornindal.
Saman med mann og born er ho av dei som held på mattradisjonar med heimeslakting og utnytting av heile dyret i matproduksjon. Denne kunnskapen drog du med deg då du , blant fleire, laga kokeboka «Klare sjølv» som kom ut på Selja Forlag i 2002. Ei bok med rundt 100 oppskrifter og som er seld i fleire tusen eksemplar. Takka vere dette kjenner mange born i Hornindal til «Historia om grisemilten». 
Det må nemnast evna du og familien har til å gjere det vanskelege om til noko positivt. Vi snakkar om då vegen til Ottredalen forsvann under stormen «Dagmar».  Øydeleggingane gjorde sitt til at fleire tok beina fatt og gjekk til Ottredalen i løpet av desse åra, og der stod de og baud på nysteikte sveler. Dette var ei spesiell tid for dykk, og måten de handterte det på blir de huska for. Fotoutstilling på hotellet, ei kreativ salgsutstilling heime i kjellaren med heimesydde plagg, fuglehus av drivved, foto og sjølvsagt vegkake under opninga av den nye vegen – to år etterpå. Prøv den som vil, dette var ikkje enkelt. Men de heldt haudet over vatn.
For dei av dokke som ikkje har skjønt det so snakkar vi sjølvsagt om Reidunn Otterdal, som får årets frivilligpris for Hornindal. Gratulerer og takk for alt arbeidet du legg ned i bygda, det har stor verdi for mange.