Unge honndøler med imponerande innsats i friidrett
Av
Friidrettgruppa
14 medaljar, derav 8 gull vart tatt med til Hornindal etter Dimnaleikane pinsedag
Pinsedag reiste nokon av våre friidrettstalent til Ulsteinvik for å delta i Dimnaleikane.
Dei vakte stor oppsikt då dei 7 utøvarane tok med seg heile 14 medaljar, derav 8 gull heim til Honndalen.
Det er svært gledeleg at det igjen er aktivitet i friidrettsgruppa og treningane gjev resultat.
Bildet viser ein gjeng glade medaljesankarar.