Honndalsportalen
Hornindal akkurat no
Hornindal no
Harevadet Hyttegrend
Regionsavisen

Nyhende

Dagsenteret sitt sommarprogram

Av aktivitør Norunn Holmøy-Wang
Dagsenteret har mykje aktivitet i sommar. Både turar, matservering, bingo/kortspeling og anna.






TYSDAGAR, +TORSDAGAR I ODDETALSVEKER

ER DET FINT VER SÅ BLIR VI ENTEN UTE PÅ TUR ELLER I HAGEN FRÅ KL 10.00 OG FRAMMOVER TIL MIDDAG.

DERSOM DET IKKJE ER UTEVER BLIR DET SONGSTUNDER, KINO ELLER MATLAGING PÅ DAGSENTERET


BINGO:

ONSDAGANE KL 10 – 11.30 MED NYSTEIKTE VAFFLER OG KAFFI .

PÅ GRUNN AV FERIEAVVIKLING BLIR DET

IKKJE BINGO 14. juli 21. juli, 28. juli, og 4. august .


KORTSPEL OG RAKKAR:

TYSDAGAR OG FREDAGAR KL 14 – 15 PÅ ÅRESTOVA.

DERSOM DU IKKJE YNSKJER Å SPELE KORT SÅ ER DU VELKOMEN TIL Å DRIKKE KAFFI OG VERE I LAG MED OSS.

PÅ GRUNN AV FERIEAVVIKLING BLIR DET IKKJE KAFFI OG RAKKAR FRÅ OG MED Tysdag13.juli til og med fredag 6. august.



TURPLAN SOMMAREN 2010

Tysdag 15. juni : Vi kjem ikkje til å gå på tur, men heller finne på noko på dagsenteret. Kl 16.30 blir det opning av sansehagen!



Tysdag 22. juni : kaffitur til uteområdet ved kommunehuset Smia, dei som har lyst å sete inne og drikke kaffi kan det. kl 10 – heime til middag.



Fredag 25. juni: Tur til Gausemel, og gamlestova hos Arne. Kun for bebuarar på omsorgsenteret. Medbrakt kaffi og kaffimat.



Tysdag 29. juni : Tur til sentrum, medbrakt kaffi/ saft og noko attåt. Kl 10 – heime til middag. Ved dårleg ver blir det potetekakebaking på dagsenteret.



Fredag 2. juli: Biltur til Honndøla der vi kjøper oss kaffi og softis. Stopp hos Connie Haugen for å helse på Alpakkane. Kl 10 – heime til middag.

Påmelding til Norunn på 93 49 80 48 Pris for heimebuande kr 40,-



Tysdag 6. juli: Besøke Synneve Lillestøl i hagen hennar. Medbrakt kaffi og kaffimat. Kl 10 – heime til middag.



Torsdag 8. juli: Bruasetra. Avreise seinast 10, har med lapskaus, flattbrød, saft, kaffi og kaker. Heime ca kl 13. Påmelding til Norunn på 93 49 80 48 . Pris for heimebuande kr 80,-



Fredag 9. juli : Hagedag. Musikk, steiking av sveler på takke, og kaffikoking på stor kjel ute i sansehagen. Ved kaldt ver eller nedbør blir vi inne på dagsenteret. Kl 10 – 12 .

Vi tek forbehold om endringar .



Turplan for perioden 17. august til 7. september kjem i midten av juli. Har du turynskjer så gje beskjed til dagsenteret i løpet av juni. Venleg helsing aktivitør Norunn Holmøy-Wang


(Sist oppdatert 21.juni 2010, 13:48)

Gå til nyhendearkiv

Komande arrangement
5. sep
Pressentasjonsgudsteneste
[ Hornindal sokneråd ]
19. sep
Hausttakkegudsteneste
[ Hornindal sokneråd ]
24. sep
Dansehelg med Gunnar GP Pedersen & Sigfrid Eiksund
10. okt
Gudsteneste
[ Hornindal sokneråd ]
30. okt
JUBILEUMS-FEST HORNINDAL IL
[ Hornindal idrettslag ]
Aktuelt
Måleklubb
[ Hornindal kunst- og handverklag ]
Oppstart av juniorklubben ved Hornindal fritidsklubb
Oppstart av aktivitetar ved Hornindal frivilligsentral, Huset Vårt
SØKJER DIRIGENT TIL HORNINDAL SONGLAG
[ Hornindal songlag ]
Stand under Kulturdagane i Hornindal 6. - 8. august?
[ Hornindal Næringslag ]
KULTURDAGANE I HORNINDAL 2010
[ Hornindal Næringslag ]
Program Hornindal rundt. Norges tøffaste fjelløp
[ Hornindal idrettslag, alpingruppa ]
Sommaropa kyrkje 21. juni - 29. august
[ Hornindal sokneråd ]
Dagsenteret sitt sommarprogram
Ledig stilling, Huset Vårt
Send epost: post@hornindal.com