Det er Folkeuniversitetet i Hornindal i samarbeid med Nærmiljøsentralen som har arrangert kurset i Hornindal. Det var 12 deltakarar, både yngre og eldre med jamn kjønnsfordeling. Kurshaldar var Haldor Sunde frå Stryn.
Deltakarane har hatt ein kjekk vinter med mykje kortspel både på nettet og i gruppe. Dette er ein fin hobby.
Vi har mål om å starte bridgeklubb til hausten. Forbered dokke på det de som har spela før, no er vi fleire entusiastar.
Kurset blei avslutta med turnering. Denne var på Huset Vårt og kurshaldarane Leif Reksten (Eid) og Haldor Sunde var sjefar.
 |
| Spelarane i djup konsentrasjon |
 |
| Både senior og junior var med |
 |
| Vinnarane av turneringa |
| Joar Helgheim og Astrid Berteig Svår |
Resultatlista:
1. Astrid Svår og Joar Helgheim
2. Kåre Tomasgard og Rolf Johnsen
3. Janne Leivdal og Kirsti Olsen
4. Jens P Olsen og Pål Nyttingnes
5. Jorunn Sølvberg og Brita Brandvoll
5. Rasmus Fannemel og Håvard Sollid
5. Solveig Støverstein og Haldor Sunde
8. Håvard Espe og Eivind Kongsvik
9. Olaug Haugen og Aud Gausemel