Honndalsportalen
Hornindal akkurat no
Hornindal no
Harevadet Hyttegrend
Regionsavisen

Hornindal frivillegsentral

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement


Frvilligsentral lokal logo farge


Velkommen til Hornindal frivilligsentral!

Frivilligsentralen held til på kommunehuset Smia.
Hornindal Frivilligsentral har som føremål

"å arbeide for trivselstiltak i Hornindal, basert på frivillig arbeid.
Tiltaka skal knytast til barn og unge, eldre og folk flest, med sikte på å skape trivsel og bygdeutvikling"
.

Elles skal sentralen drivast etter Kulturdepartementets (KUD)retningslinjer for frivilligsentralar her

Hornindal frivilligsentral har mange faste aktivitetar opne for innbyggerane i Hornindal kommune, blant anna (aktivitetane fylgjer skuleåret, om sommaren held vi stengt):

SMÅBARNSTREFF:
Kvar måndag kl.11.00-13.00 på Raftevolds hotel ---ope for alle småbarnsforeldre

KARATREFF
Kvar måndag 12.00-14.00 i varmestova på skisenteret. Ope for alle vaksne menn som vil ha det sosialt. Uformelt og kjekt!

TURGRUPPE:
Kvar måndag kl.14.00. Turen varer 1-1,5time - ope for alle aldergrupper
Oppmøtestad varierar frå kor turen går kontakt Norunn Tomasgård eller Aashild Sætren viss du vil vere med.

SITTEDANS
Kvar tysdag kl. 11:00 på omsorgssenteret. Tilbod for bebuarar på omsorgssenteret.

SENIORTRIM:
Kvar tysdag frå 13:30-14:30 i Honndalshallen. Styrketrening med Wenche Rødberg.

BINGO:
Kvar onsdag kl. 10:30 på omsorgssenteret. Tilbod for bebuarar på omsorgssenteret.

STOLTRIM:
Kvar onsdag kl. 14.15-14.45 på Huset Vårt ---lavterskel trimtilbod ope for alle seniorar

SENIORTREFF:
Kvar onsdag kl. 15.00-17.00 på Huset Vårt ---sosial kafe med variert program, ope for alle 55 år og eldre

SENIORDANS:
Har pause inntil vidare.

HANDARBEIDSKAFÉ:
Kvar torsdag kl. 19.30-22-00 på Raftevolds hotel ---ope for alle aldersgrupper

FRITIDSKLUBB
Kvar andre fredag i månaden har Mellomklubben fritidsklubb i hallen frå 18:30-22:00 med mange forskjellege aktivitetar. Ope for alle i mellomtrinnet.
Kvar siste fredag i månaden er det Open Hall for ungdomstrinnet og oppover i hallen frå 19:00-23:00 med mange forskjellege aktivitetar. Ope for alle i ungdomskulen og vidaregåande.

Elles er Hornindal frivilligsentral engasjert i fleire lokale prosjekt, mellom anna Dans Uten Grenser - ung-til-ung-formidling gjennom danseundervisning på skulen 3 gongar i veka, "Den kulturelle spaserstokk" i samarbeid med Hornindal kommune, diverse arrangement på omsorgsenteret i samarbeid med dagsenteret, arrangering av verdensdagen for psykisk helse, administrering av bygdeavisa Honndalsportalen, matombringing til eldre i kommunen, administrering av trimpostar i låglandet for alle, utlevering av strøsand, administrering av bil for røyrslehemma og besøksven. Folkehelserådet -folkhelsearbeid i samarbeid med kommunen, og ymse samarbeid med lag og organisasjonar i kommunen om arrangement, for å nevne nokre.

--Har du ein idé eller eit ynskje om aktivitet og/eller samarbeid, så ta gjerne kontakt med oss!

VI HÅPAR Å SJÅ DEG PÅ TREFFA VÅRE
VI YNSKJER DEG LIKEEINS VELKOMMEN SOM FRIVILLIG HJELPAR --Hornindal frivilligsentral har koordineringsrolle for det frivillige arbeidet i kommunen! :-)



Ta gjerne kontakt med oss!

Ring Ola på 57879814/95176092, skriv til oss på frivilligsentralen@hornindal.kommune.no eller stikk innom på smia.


Mote mellom menneske
Komande arrangement
17. des
JULEKONSERT søndag 17. des. kl. 18
[ Hornindal songlag ]
25. des
Høgtidsgudsteneste
[ Hornindal sokneråd ]
26. des
Nissemarsj
[ Hornindal idrettslag, friidrettsgruppa ]
31. des
Gudsteneste
[ Hornindal sokneråd ]
Aktuelt
Langope TORSDAG 14. desember
[ Hornindal Næringslag ]
JULEKONSERT I KYRKJA SØNDAG 17. DES
[ Hornindal songlag ]
Kulturnatt Hornindal 2017
[ Hornindal frivillegsentral ]
Arbeidet med Grobygget
[ Hornindal frivillegsentral ]
KORKAFE og MOTEOPPVISNING i Honndalshallen søndag 12. november 2017
[ Hornindal songlag ]
JULEGATEOPNING PÅ GRODÅS 24. november
[ Hornindal Næringslag ]
Send epost: post@hornindal.com