Honndalsportalen
Hornindal akkurat no
Hornindal no
Harevadet Hyttegrend
Regionsavisen

Hornindal musikkorps

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Korpslogo Hornindal Musikkorps
Korpslogo Hornindal Musikkorps
Hornindal Musikkorps er eit generasjonskorps som vart starta som skulekorps i 1967. I 1995 gjekk vi over til generasjonskorps.
Hausten 2007 går vi inn i vårt 40. speleår. Dette vert då eit jubileumsår.
Vi har øvingar kvar tysdag på musikkrommet på skulen frå kl. 18.00 - 20.00
Korpset vårt har i dag ca. 50 medlemer med eit aldersspenn frå 10 - 55 år.
Dirigentar er Edvin Haugen og Anders Hjellbakk.

Drilltroppen vår har hatt god tilvekst siste året. No er dei 14 aktive.
Instruktør for drillen er Kristin Rygg og Marianne Seljeset.

Drifta av korpset er avhengig av stor dugnadsinnsats, gåver frå næringsliv og kommune, basar og lotteri.
Som avsluttning på korpsåret reiser vi på korpstur. Siste år var vi til Sjusjøen (Lillehammer) og fekk på ny oppleve ein fantastisk samansveisa gjeng som har det veldig "løje" ilag sjølv om aldersspennet er stort.

Hornindal musikkorps mottok kulturprisen 2005
Hornindal musikkorps mottok kulturprisen 2005
Til korpset sin store overraskelse fekk vi årets kulturpris! Ei stor ære!
Under seremonien uttrykte ordføraren glede over det positive arbeidet korpset står for, og den positive kraft korpset er for Hornindal kommune. Prisen, eit relieff utskore i tre av Rolf Taraldset, vart overrekt til leiaren i korpset Turid Espe
Komande arrangement
22. apr
KORKAFE søndag 22. april kl. 16.00 i Honndalshallen
[ Hornindal songlag ]
29. apr
Konfirmantmusikalen Sett, avslørt og elska
[ Hornindal sokneråd ]
12. mai
Konfirmasjon I
[ Hornindal sokneråd ]
12. mai
Konfirmasjon II
[ Hornindal sokneråd ]
17. mai
Festgudsteneste
[ Hornindal sokneråd ]
Aktuelt
KORKAFE i Honndalshallen
[ Hornindal songlag ]
Kveding våren 2018
[ Hornindal spelemannslag ]
Vil du vere med og synge i Honndalskoret?
[ Hornindal songlag ]
Send epost: post@hornindal.com