Til helga går dei tradisjonelle turmarsjane i Honndalen.
Laurdag er det Vetestovemarsjen(Nakkjen) og Kjøsahalsen Kveldsvandring.
Søndag er det Honndalsmarsjen, som inngår i HIL's Jubileums-sekser. HIL's Jub.seksar
Kåre Haugen har knytt til seg personar som er med på å arrangere desse marsjane, etter at Volleyballgruppa ikkje klarte å drive dette vidare.
Idrettslaget set stor pris på dette, og håpar på stor deltaking.
Sjå elles andre linkar under "Arrangement" på Honndalsportalen.