Honndalsportalen
Hornindal akkurat no
Hornindal no
Harevadet Hyttegrend
Regionsavisen

Hornindal frivillegsentral - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Arbeidet med Grobygget

Av Ola Bergset Ulvedal

Sist tysdag vart det halde eit ope møte på kommunehuset Smia der nemnda for bevaring av Gro-bygget presenterte arbeidet sitt og innspel som er komne om framtidig bruk av bygget.

Tretten interessentar hadde meldt inn sine ønskje/behov. Kafé, basar, møter, konsertar, større arrangement, dans, ungdomsklubb, kunst-/handverksarbeid, mindre sosiale treff, lager, kyrkjekaffi, kyrkjeleg bruk (vigsla lokale), utstilling, korpskveldar og utstyrsbank.

Grunnlaget for det arbeidet som nemnda har gjort fram til no er mellom anna kommunestyret sitt vedtak der nemnda fekk ei bestilling på ein del avklaringar for framtidig bruk av bygget. Nemnda er også oppteken av at ein ser parkområdet og Gro-bygget under eitt når ein skal jobbe vidare med endelege planar for bruk av bygget.

På møtet vart det valt eit interimstyre som mellom anna skal arbeide vidare med å utgreie behov for opprusting og andre naudsynte investeringar, avtaler med framtidige brukarar av bygget, søkje om tilskot og lage ein skisse heile området. Interimstyret tek sikte på å legge fram ei endelig sak til kommunestyret før jul.

Interimstyret ønskjer å arbeide vidare med korleis bygget best mogleg kan nyttast og korleis ein kan kombinere dei ulike behov og ønskje. Ein ser føre seg at ein også må legge til rette for ein del næringsverksemd for å kunne ha ei forsvarlig inntekt til drift av bygget. Dei som skal inn i bygget må vere budde på å føreta investeringar til sine eigne føremål, og vere med på å betale for fellesfunksjonar.
Interimstyret ønskjer å arbeide vidare med dei ideane som nemnda hadde for Groparken og badestranda, og ein ønskjer også å sjå dette i samanheng med resten av strandsona mot sentrum.
Interimstyret ønskjer innspel på gode idear eller ønskje om å bruke Grobygget. Det har allereie kome mange spennande innspel, men vi ønskjer å gå breitt ut i denne fasen.
Dersom du ønskjer å kome med innspel kan du kontakte:

Bjørn Lødemel, leiar i interimstyret 91777488/lodemel@online.no
Ola Bergset Ulvedal, sekretær for interimstyret 95176092/frivilligsentralen@hornindal.kommune.no

Eller dei andre i interimstyret:
Brynhild Lund Notøy
Tom Øyvind Solheim
Solveig Brendefur
Anne Lødemel Honningsvåg
Severin Otterdal, ungdomsrepresentant

Gå til nyhendearkiv

Komande arrangement
24. nov
JULEGATEOPNING PÅ GRODÅS
[ Hornindal Næringslag ]
25. nov
Julekakesalg/lotteri og adventskos
[ Hornindal bygdekvinnelag ]
30. nov
Vestlandet - Konsert
[ Folkeakademiet Hornindal ]
17. des
JULEKONSERT søndag 17. des. kl. 18
[ Hornindal songlag ]
25. des
Høgtidsgudsteneste
[ Hornindal sokneråd ]
Aktuelt
Kulturnatt Hornindal 2017
[ Hornindal frivillegsentral ]
Arbeidet med Grobygget
[ Hornindal frivillegsentral ]
KORKAFE og MOTEOPPVISNING i Honndalshallen søndag 12. november 2017
[ Hornindal songlag ]
Send epost: post@hornindal.com