Honndalsportalen
Hornindal akkurat no
Hornindal no
Harevadet Hyttegrend
Regionsavisen

Hornindal frivillegsentral - Nyhende

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Kulturnatt Hornindal 2017

Eit rikhaldig program

Av Ola Bergset Ulvedal

Hornindal Kommune byr på eit rikhaldig kulturnattprogram, med noko for folk i alle aldrar.

Kulturprogrammet startar med nokre av dei yngste i kommunen, nemleg borna i Hornindal Barnehage. I tillegg til å vere sokneprest er Hege Høibye også ein svært habil historieforteljar og på fredag vitjar ho barnehagen for å underhalde borna med gode historier. Unge står også på utøvarsida i kulturnattprogrammet når kulturskulen skal halde konsert på omsorgssenteret seinare på dag.

På kveldstid vert det servert ei spesiell stund i Hornindal kyrkje. Soknerådet inviterar då til orgelmeditasjon med organist og musikar John Inge Leira Bjøringsøy. Det vil bli religiøse folketonar både frå Hornindal/Nordfjord og Sunnmøre i tillegg til eigne komposisjonar og litt klassisk musikk. Soknerådet oppfordrar folk til å kome og nyte ei roleg stund der ein kan senke skuldrane og slappe av til nydeleg lågmælt orgelmusikk.

Søndagen byr på ope Svormuseum og museumskonsert med Britt Pernille Frøholm som nyleg har slept den nye plata si, «Nordfjord». Plata er fullspekka med berre kjekke slåttar derifrå, heilt ifrå inste breheimen til ytterst i havgapet. Mange gode, gamle hits, men òg noko heilt ukjent stoff. Svormuseet er ein flott konsertarena med spesiell akustikk som gjev ei ekstra flott konsertoppleving. Museet er ope utover ettermidagen etter konserten.

På ungdomshuset Dølheim på Lønnje vert det seinare både barnekino med Karsten og Petra i regi av bygdekinoen, konsert med Aleks Grey og deretter diskotek for ungdommane på ungdomstrinnet. Aleks Grey er nok mest kjend for EP-en sin SOULS, men kjem til Hornindal med mykje ny musikk som dei fleste ikkje har høyrt før. Etter konserten vert det diskotek for og av ungdommar på ungdomstrinnet.

På søndag byr Hornindal songlag inn til Korkafé med moteoppvisning i Honndalshallen. Eit populært arrangement med song, musikk og god kaféstemning.

Arrangørane håpar mange tek turen på dei forskjellege arrangementa som føregår denne helga.

Gå til nyhendearkiv

Komande arrangement
24. nov
JULEGATEOPNING PÅ GRODÅS
[ Hornindal Næringslag ]
25. nov
Julekakesalg/lotteri og adventskos
[ Hornindal bygdekvinnelag ]
30. nov
Vestlandet - Konsert
[ Folkeakademiet Hornindal ]
17. des
JULEKONSERT søndag 17. des. kl. 18
[ Hornindal songlag ]
25. des
Høgtidsgudsteneste
[ Hornindal sokneråd ]
Aktuelt
Kulturnatt Hornindal 2017
[ Hornindal frivillegsentral ]
Arbeidet med Grobygget
[ Hornindal frivillegsentral ]
KORKAFE og MOTEOPPVISNING i Honndalshallen søndag 12. november 2017
[ Hornindal songlag ]
Send epost: post@hornindal.com