Honndalsportalen
Hornindal akkurat no
Hornindal no
Harevadet Hyttegrend
Regionsavisen

Folkeakademiet Hornindal - Arrangement

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Jakob Sande i ord og tonar

Tid: Fredag 17. november kl. 17:00
Stad: Kommunehuset Smia
Arrangør: Folkeakademiet Hornindal


Ove Eide og Arne Søholt er på turne for Folkeakademiet Sogn og Fjordane frå 11.nov. til 22. nov. med eit musikalsk foredrag om Jakob Sande .

Jakob Sande er ein av dei mest folkekjære norske forfattarane, ikkje minst kjend for ei rad populære, tonesette dikt. Men forfattarskapen femner om mykje meir enn desse visene: Vi finn Sande i salmeboka, og han hadde ei alvorleg side, som kom fram både i sterke medkjensledikt og i tekstar med politiske bodskapar. Og han skreiv mange vakre kjærleiksdikt.
I programmet vil Arne Søholt og Ove Eide presentere denne mangfaldige - og framleis aktuelle - diktaren frå Sunnfjord. Programmet kombinerer kåseri, musikk og opplesing - og kanskje med allsong der alle kan få synge med.

Publikum får vere med på ei reise gjennom Jakob Sandes liv og forfattarskap - frå oppveksten i Dale, via studiar og sjømannsliv til Visens Venner og lektor i Oslo.

Ove Eide har vore lektor og pedagogisk leiar i vidaregåande skule, lengste tida ved Firda vgs, no pensjonist. Forfattar og føredragshaldar, mellom anna biografien Jakob Sande. Liv. Dikting (2006).
Arne Søholt har vore rektor ved Gloppen kommunale musikkskule og musikklærar ved Firda vidaregåande skule, no pensjonist. Han har lang røynsle som utøvande musikar, dirigent og arrangør.

Komande arrangement
24. nov
JULEGATEOPNING PÅ GRODÅS
[ Hornindal Næringslag ]
25. nov
Julekakesalg/lotteri og adventskos
[ Hornindal bygdekvinnelag ]
30. nov
Vestlandet - Konsert
[ Folkeakademiet Hornindal ]
17. des
JULEKONSERT søndag 17. des. kl. 18
[ Hornindal songlag ]
25. des
Høgtidsgudsteneste
[ Hornindal sokneråd ]
Aktuelt
Kulturnatt Hornindal 2017
[ Hornindal frivillegsentral ]
Arbeidet med Grobygget
[ Hornindal frivillegsentral ]
KORKAFE og MOTEOPPVISNING i Honndalshallen søndag 12. november 2017
[ Hornindal songlag ]
Send epost: post@hornindal.com