Honndalsportalen
Hornindal akkurat no
Hornindal no
Harevadet Hyttegrend
Regionsavisen

Folkeakademiet Hornindal - Arrangement

Framside | Om oss | Nyheiter | Arrangement

Vestlandet - Konsert

Tid: Torsdag 30. november kl. 20:00
Stad: Kommunehuset Smia
Arrangør: Folkeakademiet Hornindal

Ein biletkunstnar og ein poet trassar uver, ras og stengte tunnellar på veg nordover frå Bergen med Lærdalsmarknaden som mål for reisa. Ei pilegrimsreise, kallar dei det, men av det svært fuktige slaget. I baksetet i bilen ligg ein svart bag. I den: Ein hovudskalle. Bondehovdingen Anders Ljøsne vart halshogd på Nordnes i 1802. No skal han heim til Sogn.

“Vi har her å gjere med ei reservasjonslaus hylling av vestlandet, jo våtare jo betre. Motgang, motstand, motvind, motkultur og motbakkar har herda vestlendingen gjennom tusenåra, og no er tida inne for ei lausriving frå sentralmakta, den instrumentelle oslofornuft og anna elende som kjem austfrå. Denne ideen vert dyrka av den kompromisslause organisasjonen VFF, og på meir anarkistisk, sjarmerande vis av dei to kompisane vi følgjer gjennom romanen.”

Slik skildrar Martha Norheim, litteraturkritikar i NRK denne lesaropplevinga, og held fram med å slå fast med at romanen er “rein fest og sælebot for ein vestlending”.


Rom for ord ser etter litterære møtestader i distrikta. Denne gongen har vi leita langs den same ruta som dei reiser, dei to i romanen. Og funne: Hornindal, Stardalen, Sogndal, Eikås, Sande i Sunnfjord og sjølvsagt: Gamle Lærdalsøyri! Forfattar Erlend Nødtvedt invitert med seg musikar Erlend Apneseth, som gler seg stort til å spele til lesinga på denne litterære konserten:


- Erlend Nødtvedt og eg møttes første gang i 2012 i forbindelse med opninga av Litteraturhuset i Bergen der vi blei spurt om å gjere eit program saman. Sidan har vi følgt kvarandre og opptredd saman ved fleire høve. Erlend er ein heilt fantastisk opplesar, det er som å spele med ein musikar! Rytmisk intenst drivande, men samtidig lyttande, open for augneblinken og improvisasjonen. Så har han inspirert meg svært mykje gjennom det han skriv; i alle mine utgjevingar er det direkte eller indirekte referansar til Erlend sine tekstar, fortel Erlend Apneseth.


Komande arrangement
24. nov
JULEGATEOPNING PÅ GRODÅS
[ Hornindal Næringslag ]
25. nov
Julekakesalg/lotteri og adventskos
[ Hornindal bygdekvinnelag ]
30. nov
Vestlandet - Konsert
[ Folkeakademiet Hornindal ]
17. des
JULEKONSERT søndag 17. des. kl. 18
[ Hornindal songlag ]
25. des
Høgtidsgudsteneste
[ Hornindal sokneråd ]
Aktuelt
Kulturnatt Hornindal 2017
[ Hornindal frivillegsentral ]
Arbeidet med Grobygget
[ Hornindal frivillegsentral ]
KORKAFE og MOTEOPPVISNING i Honndalshallen søndag 12. november 2017
[ Hornindal songlag ]
Send epost: post@hornindal.com