Ynskjer du god mat og eit hyggjeleg måltid saman med andre?
Hornindal Sanitetslag arrangerer måltid for eldre heimebuande i bygda, frå 70 år og oppover. Vi ønsker å gi dykk eit næringsrikt måltid i sosialt fellesskap.
Det vert servert middag og dessert
Musikalsk innslag/aktivitet ved Oline Løvlid
Stad: Hornindal Skisenter, Varmestova
Tid: Mandag 5. oktober og mandag 12. oktober kl. 16.00
Vi følgjer FHI sine retningslinjer for smittevern. Som ein følgje av dette vil vi dele gruppa eldre 70+ på to dagar, for at alle som ønskjer det skal få delta.
Måltidet er gratis, men ta gjerne med kr. 50 så er du med i trekking av gevinst.
Påmelding frist: Onsdag 30. september
Påmelding til Jorunn Anne - tlf 90233313
Arr: Hornindal Sanitetslag