
Nasjonalforeningen Hornindal Demensforeining er ei pårørandeforeining som har som formål å auke kunnskap om demenssjukdomane, ha temakveldar, ivareta medlemane sine interesser og vere ein pådrivar for å betre tilhøva til dei demenssjuke og deira pårørande i nærmiljøet.
Demensforeininga legg til rette for:
- Tema- og undervisningsmøter
- Sosiale samvær for demenssjuke og pårørande
- Pårørandekurs og samtalegrupper etter ynskje frå medlemane
Møtestad er i hovudsak dagsenteret ved Hornindal omsorgsenter. Program blir annonsert i lokalpressa.
KontaktKirsti Flø 41205289/kirstiflo@hotmail.com
Demensforeininga si heimeside