Offisiell opning av Hornidnal Utstyrsbank

Hornindal Utstyrsbank er offisielt opna! 
Ola Norman

Fredag inviterte Hornindal Frivilligsentral til offisiell opning av Utstyrsbanken som ligg i Grobygget. 
Sjølv om vergudane ikkje spelte på lag, var dei frivillige på plass med pølsegrilling, kake, kaffi og kakao til dei som møtte opp. 

Utstyrsbanken er eigd av Volda kommune og driven av Hornindal Frivilligsentral. Her skal alle kunne låne tur- og friluftsutstyr, og vi håpar dette bidreg til at fleire er aktive ute i naturen. Utsytrsbnken har eit rikt innhald av utstyr, blant anna ski og skisko for store og små, snowracere, sekkar, telt og soveposar. Leiaren i frivilligsntralen ynskjer at folk kjem med innspel dersom det er noko dei saknar. 
Under opninga understreka dagleg leiar i Frivilligsentralen at for at tilbodet skal vere tilgjengeleg også utanom frivilligsentralen si kontortid, er dei avhengige av frivillige som stiller opp, og ønskjer at fleire melder seg for å dele på oppgava. Dette er eit svært bra tilbod som alle kan nytte seg av, og vi ønskjer at utstyret skal vere lett tilgjengeleg. 

Utstyrsbanken har ikkje faste opningstider der ein kan stikke innom lokala, ein må på førehand gjere avtale per telefon 46812928 i kontortid, måndag til fredag 8.00-16.00. Då gjer ein avtale om kva tid utstyr skal hentast og leverast inn. 

Liste over utstyret finn de på Honndalsportalen - lag og organisasjonar -  Hornindal utstyrsbank. Her vert det også lagt ut anna informasjon og reglement.